Hjem

ØVINGSTIDER

Vi øver kvar torsdag på Førde Barneskule  frå  19.30 - 22.00

Skal FUK fortsette med nyttårskonsertar ?

Skal FUK fortsetje med nyttårskonsertar ?
 

Brukerkonto



Besøkande

Vi har 6 gjester her nå

BLI MEDLEM I KORPSET

Kunne du tenke deg å bli medlem i Førde Ungdomskorps ? Vi har bruk for musikantar på alle instrumentgrupper og kan vere med å gje deg litt opplæring dersom det er lenge sidan du har spelt. Ta kontakt med Rune på tlf.   480 30 814 for meir info.

ABONNER PÅ RSS

Ved å klikke på dette ikonet kan du abonnere på nyheiter frå fukorps.com

Velkommen til Førde Ungdomskorps på nett
Oppstart torsdag 26. august PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
søndag 15. august 2010 17:58

Korpset startar opp med øvingar torsdag 26. august. Vi ynskjer alle nye og gamle medlemmer velkomne til sesongstart. Tid og stad er det same som før : Førde Barneskule - gymsalen og tidspunktet er kl. 19.45. Oppmøte kl. 19.30 sånn at vi er klar å spele til kvart på.

 
Lyst til å spele? Førde Ungdomskorps hjelper deg i gang! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
lørdag 03. juli 2010 15:56

Kunne du tenkje deg å spele litt igjen, men det begynner å bli ei stund sidan sist? Då har Førde Ungdomskorps eit tilbod til deg!

Frå hausten 2010 set vi i gang med oppfriskingskurs for folk som har lyst til å komme i gang med musikk igjen. Målet er å gi ein mjuk start til deg som har lyst til å spele, men som vil begynne litt forsiktig. Dersom du ikkje har instrument sjølv, kan du låne hos korpset.

Oppfriskingskurset vil haldast på torsdagar kl. 18.30 hos Førde kulturskule. Det vil bli leia av Jason Burn, som òg er fast dirigent for Førde Ungdomskorps. Jason er ein svært kunnskapsrik og inspirerande dirigent. Han har ei unik evne til å få fram potensialet i folk, og Førde Ungdomskorps har gjort store framsteg sidan han begynte hos oss. Vi forstår godt at han blei kåra til beste dirigent då han deltok i NM med Lavik skulemusikk tidlegare i år!

Målet vårt med å tilby oppfriskingskurs er sjølvsagt at vi på sikt ynskjer å få fleire medlemmer i korpset. Vi er for tida cirka 25 aktive medlemmer i alderen 16–70 år. Blant våre faste aktivitetar er nyttårskonsert og deltaking i lokale meisterskap. Dessutan tykkjer vi det er kjekt å samarbeide med andre korps i distriktet. Drivkrafta vår er først og fremst speleglede. Korpset har eit triveleg og inkluderande miljø, som vi håper at du har lyst til å bli ein del av.

Dersom du vil melde deg på eller ha meir informasjon, kan du kontakte formann Rune Nøtseth på telefon 480 30 814. Vi ser fram til å høyre frå deg!

 
Bilder frå 1. mai 2010 PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
torsdag 06. mai 2010 21:30

Bilder frå vår speling på 1. mai 2010 ligg no i nettalbumet vårt.

 
17. mai vel overstått ! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
mandag 17. mai 2010 17:06

                             Det vart ein våt fornøyelse å feire nasjonaldagen 2010. Heldigvis var korpset godt innpakka i plastik sånn at vi ikkje vart aldeles gjennomblaute. Likevel vart det ein triveleg dag for oss korpsmusikantar. Vi ungdommane i Førde Ungdomskorps let oss ikkje skremme av litt regn. Eit lite hint til 17. mai nemnda : Neste år startar vi på Førde Stadion og ikkje på festplassen. Bilder frå dagen finn du i vårt fotoalbum.

Sist oppdatert torsdag 19. august 2010 09:47
 
Bilder frå basarkonserten PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
søndag 25. april 2010 18:56









Bilder frå basarkonserten 18. april ligg no i fotoalbumet vårt. Takk til Dale Musikkorps for god underholdning.

Sist oppdatert søndag 15. august 2010 18:03
 
Kopirett © 2010 Velkommen til Førde Ungdomskorps på nett. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

KORPSSPONSORAR

Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

DIRIGENT

 Jason Burn

STYRET

Leiar : Rune Nøtseth

Nestleiar : Anette Shanks

Sekretær: Kari Haugstad

Kasserar : Jorunn Seim

St. medl: Aud Østerbø

Vara : Marith Nigardsøy

Vara : Ann K. Dårflot

MUSIKKUTVAL

Jason Burn

 Grethe Sjøhagen Nedrebø

Per Bergsholm

MATERIALNEMND

Johannes Ness

Rune Nøtseth

WEBMASTER-PRESSE

Eivind Husabø

Tlf. : 415 30 660